Førebuingar til Kilimanjaro

Fly/transport til fjellet

For å komma til Kilimanjaro, kan du ta fly direkte til Kilimanjaro International Airport med KLM. Eit rimelegare alternativ kan vera fly til Nairobi eller Dar es Salaam og buss vidare til Moshi.

For å få rimeleg flybillett, lønner det seg å vera tidleg ute. Rekn med å betala mellom 5500 og 8000 kroner for ein tur/retur-billett Oslo-Nairobi. For meir informasjon, les om offentleg transport i Afrika.

Hotell og slikt

Fleire av hotella i Moshi og områda ikring kan arrangera turen din på fjellet. Sjølv budde eg på Babylon Lodge - ganske enkelt, men fint. Hugs at dersom du vil la eit hotell arrangera fjellturen for deg, kan det ta ein dag å få skrapa saman guidar, kokk og berarar. Det kan lønna seg å senda nokre telefaksar på førehand, eller i det minste ringa dagen før. Sjekk alltid prisar først, og undersøk kva som er inkludert i prisen.

Hotell

Pris (2 pers.)*

Adresse

Kommentar

Moshi Hotel

$50 inkl. frukost

Moshi

Bar & restaurant

Coffee Tree Hotel

Moshi

Bar & restaurant

Keys Hotel

$50 inkl. frukost

Moshi

Her kan bu gratis i teltet ditt dersom du et i restauranten på hotellet.

YMCA

$13

Moshi

 

Green Cottage Hostel

 

Moshi

Billig

Mountain Inn

$70 inkl. frukost

4 km aust for Moshi

 

Kibo Hotel

$80 inkl. frukost

Marangu

Klassisk hotell med preg av kolonitida. Har lenge vore eit populært utangspunkt for Kili-turar.

Marangu Hotel

$100 inkl. middag og frukost.

Marangu

Rom og hytter.

Babylon Lodge

$40 inkl. frukost

Marangu

Enkel standard, men reint. Bar & matservering.

Ashanti Lodge

$30 inkl. frukost

Marangu

Gratis camping om du arrangerer fjellturen herifrå.

Kilimanjaro Mountain Lodge

$45 inkl. frukost

Marangu

Restaurant & bar

Aishi Hotel

$55

Machame

 

* Prisar endrast fort - vanlegvis oppover. Du er åtvara.

Når det gjeld standard på hotella, kan du venta å få det du betaler for. Dersom du vil gjera turen så billig som mogleg, kan du finna overnatting nær busstasjonen i Moshi til ca. 2 dollar - men då må du ha ei sporty innstilling og eit intakt immunforsvar. På den andre enden av skalaen finn du t.d. Kibo Hotel med historisk atmosfære - dyrt, men ei oppleving i seg sjølv.

Når du losjerer deg på eit hotell, kan du som regel leggja att den bagasjen du ikkje treng på fjellet, utan ekstra kostnad (men spør først!) Å få vaska og stroke klede kostar nesten ingenting. (Moro å få tilbake dongeribukser med press!)

Guide/kokk/berarar

Du får ikkje lov til å dra på fjellet aleine. Du må ha minst ein sertifisert guide. I tillegg er det vanleg å ta med kokk og ein gjeng med berarar. Desse tar med seg det meste av bagasjen din. Sjølv ber du berre ein liten sekk med drikkevatn, lunsj, fotoutstyr og ekstra klede.

Det er imponerande å sjå korleis dei lempar dei tunge børene på hovudet og formeleg småspring oppover stiane. Når du så langt om lenge kjem fram der du skal overnatta, har dei te klar til deg. Me fekk ganske bra mat på turen - mellom anna spaghetti, pannekaker, kylling og mykje frukt. Kvar morgon fekk me servert te på senga (bed tea). Ikkje alle fekk så god service! Me vart litt lei av teen etterkvart, og kaffien du får servert er ikkje slik du er vant med heime. Det kan vera ein idé å ta med nokre teposar eller pulverkaffi heimefrå.

Guiden er den viktigaste personen du har med på turen. Ein god guide vil setja tempoet så du ikkje går for fort, slik at kroppen får akklimatisert seg til den store høgda. Sjå høgdesjuke. Den mest kritiske oppgåva til guiden er å få deg opp på toppen. Dei siste 1000 høgdemetrane er i særklasse den vanskelegaste etappen på turen. Om èin her skulle få akutt høgdesjuke eller ikkje orkar å halda fram, må han følgjast ned av ein guide. Derfor er det vanleg med meir enn ein guide (om du då ikkje reiser aleine).

Tips, Marangu-ruta: Om du bruker ein dag ekstra til akklimatisering og drar på ein dagstur, t.d. til Sadelen eller Mawenzi Hut, vil guiden ta deg med tilbake til Horombo Hut for å eta lunsj der. Det er mindre arbeid for kokken, og guiden blir då tidlegare ferdig med jobben den dagen. Men det er ikkje noko god løysing for deg. Du blir svolten på turen, og om det er bra ver, ville det vera synd å måtta dra tilbake med ein gong fordi du er svolten. Det er mykje finare oppe i fjellet - Horombo Hut får du sjå meir enn nok av.

Ruteval

Det finst mange vegar opp til Uhuru Peak. Du kan ta E6'en opp frå Marangu, eller kanskje fristar Machame med sine mektige utsyn. Har du god tid, kan du gå rundt Kibo langs Summit Circuit. Den kortaste vegen går frå Umbwe - bratt, men fin. Vel sjølv.

Marangu-ruta

90 % som går på Kilimanjaro, bruker Marangu-ruta (Coca Cola Route). Ruta er svært godt tilrettelagt for fotturistar, med gode stiar og hytter undervegs. Her kan du få kjøpt drikkevatn av typen Kilimanjaro - veldig bra vatn. Prisane stig, jo høgare du kjem (alt må berast opp, veit du). Du kan òg få kjøpt Coca Cola, øl (av merket Kilimanjaro, så klart!) og sjokolade. Om du manglar noko klede eller utstyr, kan du kanskje få leigd det undervegs.

Først kjem du til Mandara Hut på 2700m. Knutepunktet langs ruta er Horombo Hut på 3720m. (Det heiter Horombo Hut, ikkje Huts - sjølv om det er mange hytter her.) Her kan 400 personar overnatta. Mat får du servert i den største hytta, som har eigen spisesal. Opp til Horombo Hut finst det vassklosett og rennande vatn. På Kibo Hut (4700m) finn du ikkje vassklosett, men utedoar med frisk bris nedanfrå.

Coca Cola-ruta byr ikkje på dei mest dramatiske naturopplevingane, men du treff mange folk frå ulike kantar av kloden. Dessutan er det den enklaste og mest komfortable vegen opp til toppen. Normalt tek turen 5 dagar opp og ned att, men mange bruker ein dag ekstra på vegen opp for å bli betre akklimatisert.

Machame-ruta

Marangu byr på komfortable hytter, Coca Cola og mange fotturistar. Machame-ruta, og kalla Whisky Route er for den som vil bli betre kjend med fjellet Kilimanjaro. Her får du sjå det beste fjellet har å by på. Du må bu i telt, og alt utstyr må du ta med sjølv. Ruta er nok litt meir krevjande enn Marangu-ruta, men ikkje verre enn at ein person i normalt god fysisk form kan gjennomføra turen. Den mest populære varianten er kombinasjonsruta Machame-Mweka, men den blir i dag vanlegvis omtala som Machame-ruta. Det er vanleg å gå ned att via Marangu-ruta. Om du ikkje bruker ein eller fleire dagar ekstra til akklimatisering, tek denne turen 6 dagar.

Umbwe-ruta

Dette er den kortaste, mest direkte vegen opp til Uhuru Peak, men ikkje den enklaste.

Andre ruter

Det finst andre alternativ, men dei blir sjeldan brukte, ettersom åtkomsta kan vera tidkrevjande og vanskeleg. Til dømes er det ikkje tillete å kryssa grensa mellom Kenya og Tanzania, så du kan ikkje gå opp frå Loitokitok.

På Shira Plateau Route kunne ein tidlegare kjøra firehjulsdriven bil opp til 3700m, men om det framleis er mogleg, er eg uviss på. Uansett kan denne ruta by på utsyn som skil seg frå det du får sjå på dei andre rutene.

Om du har god tid (og mykje pengar) kan du bruka nokre dagar ekstra på å gå rundt Kibo via Summit Circuit-ruta.

Undervegs

Skal du til toppen, er det nokre enkle reglar du må følgja. På toppen får kroppen mindre enn 50% av oksygenet han får ved havnivå, så du vil garantert merka verknadene av høgda! Du må gjera det du kan for å la kroppen tilpassa seg.

  • Polepole (Swahili: Sakte). Gå seint. Kroppen treng all den tida han kan få til å venja seg til den tynne lufta. Om du bruker lang tid på dagens etappe har ingen ting å seia - det er ikkje mykje å ta seg til når du kjem fram uansett. Om du har ein utolmodig guide, så er det uansett du som bestemmer tempoet. Ein god guide seier i frå om du går for fort.
  • Drikk! For å kompensera for oksygenmangel pustar du mykje meir enn vanleg. Dermed misser du mykje væske gjennom pusten. Ha alltid flaska med Kilimanjaro-vatn med deg når du går. Drikk 4,5-5,5 liter væske kvar dag. (Eit unntak er toppturen. Då kan det vera for tungt å ta med fleire liter - du maktar likevel ikkje å drikka så mykje midt på natta, over 5000 meter over havet. Ta likevel med deg noko å drikka!)
  • Et godt. Toppturen er svært krevjande. Då treng kroppen ein energireserve. Sannsynlegvis klarer du ikkje å ta til deg noko særleg næring på Kibo Hut kvelden før oppstiginga. Så sørg for å eta godt dagane før, medan du enno er i fin form.
  • Ikkje anstreng deg for kraftig. Moderat aktivitet derimot er bra. Pass på at gruppa er samla på turen oppover, så ingen må jogga for å ta att dei andre - det kan øydeleggja vedkommande sin sjanse til å nå toppen. Dette bør ein vera merksam på i høve ein person tek mykje bilete eller filmar med videokamera.
  • Du bør ha lest noko om høgdesjuke før du reiser. Vit kva som ventar deg!
  • For dei fleste er det viktig å nå toppen, Uhuru Peak. Be om at guiden bereknar tida bra, slik at du når Gillman's Point ved soloppgang. Du treng å kvila litt når du kjem dit, og før sola står opp er det for kaldt å vera i ro noko særleg. Det er derfor bra om du ikkje kjem til Gillman's Point for tidleg.

Kostnader

Det er dyrt å gå på Kilimanjaro, ettersom dei tanzanianske styresmaktene krev ei ganske høg avgift av alle fotturistane på fjellet. Sjekk alltid om denne avgifta er inkludert i prisen du får frå turoperatøren.

I 1997 ligg prisane for ein tur opp Marangu-ruta frå $500 og oppover. Dette er pris for ei gruppe. Dersom du reiser aleine eller saman med berre ein person, blir det gjerne noko dyrare. Sjølv betalte me $700 for ein 6 dags frå Marangu. Prisane aukar dersom du vel ei anna rute, ettersom du må ta med alt utstyret sjølv og dermed treng fleire berarar. Langs Marangu-ruta får du kjøpt drikke. Om du tek med 15000 Tanzanianske shilling (ca. $25) så skulle vera meir enn nok til drikke på turen. Skulle du gå tom for pengar, kan jo kokken koka vatn til deg.

Tips er så og sei obligatorisk - det blir i alle fall forventa. Rettleiande summar er: $13 til kvar av berarane, kokk $25-30 og guide $30-50 (avhengig av resultat).

Huskeliste

Du må vera førebudd på all slags ver på fjellet. Sjølv på den første etappen kan det vera rått og kaldt, og over 4000m kan faktisk sola steika heitt. Det meste av utstyr og klede kan du få kjøpt eller leigd der nede, men du veit ikkje på førehand kor bra utstyr du får. Derfor er det fornuftig å ta med seg det du treng sjølv.

Sko

Dersom du har vanntette fjellsko (Gore Tex), kan det vera lurt å bruka dei i skogen nedst dersom det er vått. Då kan vera ganske sleipt. Berre hugs å vaska av skiten etterkvart - det kan bli litt av ein jobb! Skift sko og sokkar når du er ferdig med dagens etappe, så blir du ikkje så klam på føtene. Frå 3000m opp til Kibo Hut går det bra med joggesko.

Klede

Ta med ein del t-skjorter så du slepp å gå i sveitte klede; dette gjeld særskild om kvelden, då det kan bli noko kjølig. Det kan koma styrtregn dei to første dagane, så ta med noko som kan verna deg, t.d. paraply eller regnkappe - og ikkje legg det nedst i sekken. Av og til har du berre to sekund på deg før du er gjennomvåt.

På toppen kan det bli verkeleg kaldt. Rekn med temperaturar rundt -10° C om natta når du skal til topps. Ta med varme vinterklede! Sjølv brukte eg "Radiatorsålen" til å halda føtene varme.

Andre nyttige ting

Pengar

I Tanzania er det berre ein ting som duger: Cash. Ta med det du treng i kontantar. Kredittkort er absolutt ei naudløysing - rekn med å betala 50% ekstra for å ta ut pengar om du må bruka Visa-kortet. Reisesjekkar er betre, men det går bort ein heil del i gebyr her og dersom du skal ha ut kontantar.

Turoperatørar

Fleire norske firma arrangerer pakketurar til Kilimanjaro, gjerne med påfølgjande safari og/eller tur til Zanzibar eller Mombasa på kysten, f.eks.

Globetrotter eller Kenor-Safaris

Men du kan spara nokre tusenlappar på å ordna turen sjølv. Sjølv brukte me Athanas D. Minja som turkoordinator i Afrika. Få personar kan visa til like stor kunnskap og røynsle når det gjeld Kilimanjaro. Ring Kjell Tokstad på 22232231 eller telefaks 22180294, så kan han formidla kontakt med Athanas.


Sjå bilete frå dag 1 2 3 4 5 6

Min tur til Afrika - Heim: Ola Eldøy