116
Landsby 39: Teknologiens fravær
Kapittel 4: Teknologi for alle
Det er viktig å forstå at vi ikke forkaster noen av de andre ideene. Vi presenterer
disse ideene for at det skal være mulig for andre å gå videre med en eller flere av
ideene.
Videre vil vi grundig presentere hovedideen vår, som tidligere nevnt er trykk på
toalettpapir og matpapir, før et utvalg av de andre ideene fra idémyldringen
presenteres.
Er det interesse for ideen?
Vi laga ei spørjeundersøking som skulle gi oss meir informasjon om kva vanar folk
hadde med handling og bruk av produkta, samt kva dei tenkte om dei. Denne
undersøkinga la vi ut på Internett og distribuerte adressa via e-post til vener og
kjende.
Heile gruppa var med på å utforme og forbetre spørsmåla og alternativa som
vart brukte i undersøkinga. I tillegg fekk vi gode innspel frå andre i landsbyen, samt
testpersonar som vi prøvde undersøkinga på. Vi tok også med
marknadsføringsstudentar på råd, både i utforminga og evalueringa av undersøkinga.
Gode formuleringar i spørsmåla og svaralternativa er veldig viktig for å hindre at
forskjellige personar oppfattar dei ulikt.
Det vi primært ville ha svar på i undersøkinga, var kor stort forbruket av
matpapir, mellomleggspapir og toalettpapir var, og kva preferansar folk hadde når dei
skulle kjøpe desse produkta. Denne informasjonen ville vi bruke til å bestemme kva
produkt ein bør satse på og korleis utforminga bør vere. Den fullstendige
undersøkinga er i vedlegg 2.
Dei første spørsmåla vi stilte, var generelle spørsmål som gav
bakgrunnsvariablar vi kunne analysere resultata ut ifrå. Vi spurde om kjønn og alder,
slik at vi kunne finne ut om kvinner og menn svarte ulikt, og om ulike aldersgrupper
gav ulike svar.
Når det gjaldt matpapir og mellomleggspapir, var vi usikre på kor utbreidd
bruken av desse var. Dessutan lurte vi på korleis folk ville reagere på at det var trykk
på slikt papir. Det kunne tenkjast at somme ville vere redde for helseskadelege
effektar når trykket på papiret kom i kontakt med maten. For å få svar på dette stilte vi
desse spørsmåla:
· Kor ofte bruker du matpapir?
· Bruker du mellomleggspapir?
· Trur du det er farleg for maten at det er trykk på matpapiret?
· Ville du ha hatt motførestillingar mot å kjøpe matpapir med trykk på?
For toalettpapiret hadde vi andre problemstillingar vi ville undersøkje. Éin ting var
kvar folk bruker toalettpapir oftast, fordi det er forskjellig type papir som blir brukt i
heimar og på offentlege toalett. Vi lurte også på kor mykje toalettpapir folk kjøper om
gongen, slik at vi kunne vurdere kor fort butikkane blir utselde, og kor ofte
kampanjen kan endrast. Kva veg folk hengjer opp toalettrullen, er avgjerande for
korleis trykket på rullen skal vere. For å vite kor ofte dei ulike trykka kan gjentakast,
ville vi også vite kor mange tørk som blir brukt per toalettbesøk. Vi stilte difor desse
spørsmåla:
· Kvar bruker du toalettpapir oftast?
· Kor mykje toalettpapir kjøper du om gongen?
· Korleis hengjer du opp toalettpapiret?
· Kor mange tørk bruker du per toalettbesøk i gjennomsnitt?