Difference between revisions of "Drift/DNS og dvask"

From Programvareverkstedet
Jump to navigation Jump to search
(full prosedyre for A-records)
Line 11: Line 11:
  
Når du så endelig har prestert å logge deg inn på dvask (den kjem nok til å mase om å vite kva terminal du brukar -- xterm funkar fint her, eller du kan skrive VT-102 om du føler deg old-school), kan du endre sonefilene.
 
 +
 +
= Innkobling av minicom =
 +
 +
Skulle du begå tabben å rykka ut minicom-tilkoblingen fra horisont skal denne koblast i den venstre seriellporten på horisont, etter dette er det berre å følgje instruksjonane for “break” og “cont“ så skulle du føle den rå krafta til dvask over minicom att.
 +
  
= DNS =
 
= DNS =

Revision as of 18:14, 30 November 2010

Dvask er ein microVAX frå eit par år før nittenhundre-og-bil-og-bue, og er derfor treg. Siden Dvask er så spesiell likar vi likevel å behalde den, og har derfor satt den til å gjere det einaste den potensielt kan klare i eit moderne nett: være namnetenar.

Å snakke med dvask

Det er opptil fleire tilnærma like irriterande måtar å prate med dvask på.

Sortert stigande etter år det tar å få gjort noko på dvask er desse:

  1. minicom via horisont (akkurat no i det minste). su til root på horisont, køyr 'minicom' og trykk enter eit par gongar. Om dvask er emo og ikkje svarer kan du forsøke å sende ein break (C-a f), som tar deg til mikrokode-debugbmodus, for så å skrive cont<enter> for å fortsette. Ofte vil dette føre til at dvask gir deg ein loginprompt.
  2. SSH. Det er og mogleg å prate SSH (fortrinnsvis v1 sidan det vert litt mindre beefy krypto for pateti^W stakkars dvask å kverne). Logg inn som root.

Når du så endelig har prestert å logge deg inn på dvask (den kjem nok til å mase om å vite kva terminal du brukar -- xterm funkar fint her, eller du kan skrive VT-102 om du føler deg old-school), kan du endre sonefilene.

Innkobling av minicom

Skulle du begå tabben å rykka ut minicom-tilkoblingen fra horisont skal denne koblast i den venstre seriellporten på horisont, etter dette er det berre å følgje instruksjonane for “break” og “cont“ så skulle du føle den rå krafta til dvask over minicom att.

DNS

dvask køyrer named, og dei aktuelle filene ligg i /etc/namedb. For å legge til eit record sjekkar du ut pvv.m4 (co -l pvv.m4), gjer endringa di (hugs å inkrementer serial!), sjekkar inn fila (ci -u pvv.m4) og køyrer make. Dette tar typisk frå ein til to månesykler, så du har no tid til å skrive ferdig masteren. Etter langt om lenge er make ferdig og tailer så syslog for å sjekke om du kåla til ting. Dersom du ikkje ser feilmeldingar (etter å ha venta i eit udefinert langt tidsintervall -- og iallfall til det har kome nokre meldingar om eit eller anna) kan du anta at ting gikk greit og logge av.

Innlegging/endring av tenestealias (CNAME)

Eit CNAME er berre eit alias til ei anna maskin som allereie eksisterar i DNS, så då treng du ikkje styre med reversar og IP-adresser i det heile. Gjer slik:

dvask# cd /etc/namedb/pz
dvask# rcsdiff pvv.m4 # (bør vise nada)
dvask# co -l pvv.m4
dvask# vi pvv.m4 # gjør de endringene du skulle
dvask# rcsdiff pvv.m4 # (sjekk at du ikkje skreiv noko feil ein stad)
dvask# ci -u pvv.m4
dvask# cd ..
dvask# make

Make kjem ikkje til å avslutte! Slutten av makefila startar berre å taile loggen, så du må trykke Ctrl-C når du ser at innlesing av sonefilene gjekk greitt.

Innlegging av heilt ny maskin

Om du skal legge til ei ny maskin (og ikkje berre flytte ei teneste) må du legge til reversoppslag og v6-adresse òg. Dette er ein grei måte å gjere det på. Bruk same prosedyre som for CNAME for å redigere filene (sjå ovanfor)

  • Legg til maskina i revers-sona (210.241.129). Finn ein ledig IP der og noter han til du skal lage A-record i pvv.m4
  • Legg til maskina i revers-sona for ipv6 (9.1.0.0.3.0.0.0.7.0.1.0.0.2.ip6.arpa). Finn ein ledig IP der og noter han til du skal lage AAAA-record i pvv.m4
  • Legg inn forward-oppslaget i framoversona (pvv.m4). Innslaga er sorterte etter v4-adresse.

Hugs å legge til begge IP-ane (både v4 og v6) i nettverksoppsettet på maskina! På debian er dette i /etc/network/interfaces (sjå ei annan debian-maskin for syntaks). Om det er ei debian-maskin må du også legge til "ipv6" i /etc/modules for at ipv6 skal bli lasta før /etc/network/interfaces vert lesen.