Datainnbrot på NTNU
For information in English, see question 1 in FAQ.
Det har vore innbrot i NTNUs sentrale Windowsservere. Dette medfører at
NTNU er i ferd med å bytte passord på samtlege 25.000 brukarar.
Vi har ingen grunn til å tru at PVVs system er direkte berørt av dette
innbrotet. Imidlertid er det sannsynlegvis svært mange som har same
passord på PVV og andre NTNU-system og vi har difor bestemt at brukarar på
PVV med NTNU-konto må bytte passord.
Dette må skje innan kl 2000 torsdag 23. januar (dvs. i morgon).
Passordskifte må skje på maskina iq.pvv.ntnu.no
Dei som ikkje har bytta passord innan denne fristen kan få kontoen sin
stengd. Brukarar som har lese denne mailen og likevel ikkje bytta passord
VIL få kontoen sin stengd :-)
Brukarar som ikkje har andre konti på NTNU - dvs gamle/"eksterne" brukarar
- er ikkje berørt av innbrotet og vil difor ikkje bli stengd. Vi anbefaler
likevel at desse også vurderer å bytte passordet sitt. Generelt anbefaler
vi passordskifte kvar 6. månad.
Dersom du har ulike passord på PVV og andre NTNU-system, må du likevel
bytte passord på PVV for å vere sikker på at kontoen din ikkje vert
stengd.
Vi beklager ulempene dette medfører for brukarane på PVV.
Generell informasjon om innbrotet kan lesast på Innsida og Universitetsavisa. (Andre medier anbefalast ikkje...)
FAQ
- Information in English
"I don't understand Norwegian. What has happened?"
Answer: There has been a computer break-in at NTNU and all users elsewhere at the university are required to change their password. PVV is not affected by this, but we require all our users with accounts other places at NTNU to change passwords, too. If the password is not changed, the accound can be closed.
- Kordan bytter eg passord?
Svar: Logg inn på maskina iq.pvv.ntnu.no og bytt passord med kommandoen passwd. Du vert spurd om gamalt passord og må deretter taste det nye to gonger.
- Eg klarer ikkje bytte passord, får berre feil!
Feilmelding: passwd: failed to change NIS password: RPC: Server can't decode arguments
Svar: Logg inn på iq.pvv.ntnu.no og bytt passordet der.
- Jeg forsøker bytte passord på iq, men passwd-kommandoen bare henger!
Svar: Dette skyldes at svært mange bytter passord samtidig.
- Blir passordet mitt på PVV automatisk oppdatert fra BDB eller stud eller NVG eller noe annet sted?
Svar: Nei, det er inga automatisk oppdatering, så du må bytte passord på PVV sjølv om du har bytta andre plasser også.
- Jeg byttet passord for 2 timer siden på PVV også. Holder det at jeg har byttet passord i dag eller må jeg bytte nå etter at jeg fikk denne mailen?
Svar: Det er nok at du har bytta i dag. Du treng ikkje bytte på nytt etter at du fekk mail om passordskifte.
- Brukernavnet mitt står i subject. Betyr det at det har vært innbrudd på min konto??
Svar: NEI!! Det er sånn berre for at det skal vere enklare for drift å ha oversikt over svar på varselmailen. Kansje litt upedagogisk, men... For å understreke det: Det er IKKJE mistanke om at konti på PVV har vore misbrukt!
- Jeg har bare konto på PVV, etter at jeg ble ferdig på NTH for ti år siden. Blir kontoen min stengt?
Svar: Dersom du ikkje har andre konti på NTNU (feks stud, ansatt...), er du ikkje berørt av innbrotet. KOntoen din vil difor IKKJE bli stengd sjølv om du ikkje bytter passord. Men vi anbefaler at du bytter passord kvar 6. månad, så om passordet ditt er ti år gamalt bør du nok bytte :-)